På bakgrunn av historia og dei rike tradisjonane for fruktdyrking i Hardanger, har eple, plomme, pærer og moreller dyrka i denne regionen oppnådd status som Beskytta Geografisk Nemning i Matmerk si merkeordning. Dette er ei høgthengjande anerkjenning av den innsatsen som er gjort i uminnelege tider, og eit symbol på den særeigne stillinga fruktdyrking i Hardanger har.