Fruktdyrking i Ullensvang

Jordsmonnet i Sørfjorden er svært godt eigna for fruktdyrking. Fjella og fjorden gjer at klimaet er gunstig for å få fram den beste kvaliteten i fruktslaga våre, trass i at me ligg så langt mot nord. Det er rikeleg med nedbør og milde vintrar, som gir gode vekstvilkår.

Her i Hardanger kan ein spora tradisjonane med fruktdyrking tilbake til mellomalderen og klostertida. På 1200-talet budde det munkar på Lysekloster sin bugard i Opedal på Lofthus. Dei skaffa plantemateriale gjennom kontaktnettet sitt med utlandet, og planta tre av eple, pærer, kirsebær og plommer i hagen sin. Interessa for fruktdyrking spreidde seg så til gardane i fjorden, og det var særleg eple som etter kvart vart det vanlegaste innslaget.

Gjennom hundreåra gjekk framveksten av fruktdyrkinga i bølgjer. Interessa for dyrking vart ofte drive fram av driftige og allsidige prestar, som engasjerte seg i hagebruk. Dette gav positive ringverknadar i lokalmiljøa, og stimulerte til auka fagkunnskap og iver etter å prøva ut nye sortar og metodar.

Fruktdyrkinga i dag er tufta på dei gamle tradisjonane, mens dyrkingsmetodane og sortsutvalet har utvikla seg i takt med tida. Dei store, flotte frukttrea frå tidlegare var tungvindte å hausta, og er no bytt ut til fordel for moderne og intensive tettplantingar. Desse gir årvisse avlingar med høgkvalitetsfrukt, i det som har vorte ei spesialisert næring.

Sortane me tilbyr i dag er ikkje dei same som forgjengarane våre knaska på, og det er slutt på å senda eple med skutene til storbyane for direktesal på kaia. I dag finn du frukta frå produsentane våre i grøntavdelinga  i Coop og Bunnpris butikkane.  Om du er så heldig å vera i Sørfjorden i haustetida, kan du òg pitla med veldig kortreiste moreller og eple frå salsbuer langs vegen eller på gardane som driv med direktsal.