Velkommen

I fjordkanten på Lofthus i Hardanger og med utsyn over fonna, ligg Ullensvang Fruktlager SA. Me tek imot eple, plommer, pærer og moreller frå fruktdyrkarar ved austsida av Sørfjorden i Hardanger. Hjå oss vert frukta lagra, sortert og pakka for vidare sal til butikkar over heile landet.