Om oss

Ullensvang Fruktlager SA vart stifta i 1948, og er eit produsenteigd samvirkeføretak. Dei vel 90 fruktdyrkarane som soknar til oss er ein mangfaldig gjeng frå gardar med ulik storleik. Nokre har fruktdyrking som attåtnæring, mens andre driv med fruktdyrking på heiltid. Gardane ligg spreidd langs fjordsida frå Brimnes i nord til Espe i sør, og delar av denne strekninga byr på noko av det mest samanhengande intensivt planta fruktarealet i Noreg. Dei produserer alle frukt i tråd med dei mange krava som gjeld, slik at me kan senda ut smakfulle, sunne, friske frukter på marknaden.

Fruktlageret har moderne pakkesalar, avanserte sorteringsmaskiner og store kjølelager. Det må til for å kunna handtera dei mengdene som kjem inn når haustetida startar, og fram til siste kassen er pakka seinhaustes eller tidleg vinter. Det er 5 heilårstilsette ved lageret, og rundt 30 sesongarbeidarar i den travlaste i pakkeperioden.